Vil du jobbe som personleg assistent i Ecura BPA?
Bli BPA-assistent og gjer ein forskjell!
Ynskjer du eit meiningsfylt arbeid der du er ei positiv kraft i andre sitt liv?
Ei aktiv jente søkjer engasjerte og omsorgsfulle BPA-assistenter som har lyst til å gjera ein viktig forskjell i livet hennar.Ledige stillingar som BPA i turnus, morgon, ettermiddag/kveld og helg, hjå ei jente på 19 år, i heimen hennar i Evanger, vest for Voss sentrum.
Vi treng ferievikarar i sommar, vikar under barselpermisjon frå ca august, og faste assistentar. Høve til fleksi-/heil-/deltid, med tilsetting fast eller på tilkalling. Med fast stilling har du til vanleg helgevakt tredjekvar helg: fredag, laurdag og sundag på dagtid. Det kan vera aktuelt med døgnvakter ved einskilde høve.
Søknadsfrist fortløpande og tiltreding etter avtale.
Jenta bur heime med familien sin, men vil på sikt få eiga bueining i same hus, der ho skal bu utan å trenge hjelp frå mor og sysken, men med høve til å vera i lag med dei etter ynskje. Som assistent hjå oss blir du også kjend med familien og med eit hus med mykje liv og røre.
Jenta treng rettleiing og hjelp til kvardagslege gjeremål knytt til personleg hygiene, klesvask, husstell, innkjøp, matlaging, og hjelp til å ta del i aktivitetar og ha ei aktiv fritid. Ho er glad i å drive med musikk og dans, sykle, gå tur med hund, lage mat, skrive, sjå film, trene, symje og mykje anna.
Det er viktig at du er punktleg, ryddig, fleksibel, og påliteleg, og det er fint om du er interessert i forming, språk, matlaging, musikk, song, dans, film og ulike aktivitetar.
Me ser etter deg som:
- Er ein god omsorgsperson og ein trygg vaksen
- Er god til å kommunisere
- Både set pris på og kan skapa gode relasjonar
- Er glad i musikk og dans – du kan gjerne synge og spele litt!
- Likar å spele kort- og brettspel og drive med formingsaktivitetar
- Trivst på kjøkkenet
- Er ansvarsfull, sjølvstendig og pliktoppfyllande
- Er kreativ og løysingsorientert
- Er glad i å vera aktiv
- Har evne til å skapa openheit, tillit og tryggheit
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Det er ein føremon om du har sertifikat og evt. også disponerer bil. Jenta er tospråkleg, og arbeidsspråk kan vera norsk eller engelsk.
Oppgåvene vil mellom anna vera:
- Støtta opp om personleg stell/dusj
- Matlaging
- Husarbeid
- Handling
- Ta del/hjelpa med aktivitet og trening
- Turfølgje
- Delta på kulturelle aktivitetar
Ved tilsetting fast eller på tilkalling ynskjer vi at du ser for deg å vera personleg assistent over lengre tid.
Ved å søke på stillinga, godtek du at søknad og CV vert vidareformidla til arbeidsleiar i ordninga. Det er krav om politiattest før tiltreding.
- Avdeling
- BPA
- Rolle
- Personlig assistent - heltid
- Steder
- Evanger

Evanger
Verdibasert ledelse
I Ecura jobber vi etter verdiene Endringsorientering, Omsorg (av latin Cura), Utvikling, Respekt og Ansvar. Vi skal gi omsorg med respekt og verdighet forankret i gode systemer.
Om Ecura
Ecura er et resultat av flere selskaper som har slått seg sammen for å bygge et kvalitetsbasert norskeid helse- og omsorgsselskap hvor kompetanse og kompetanseutvikling er en av grunnstenene. Vi er nå Norges raskest voksende private helseforetak og sysselsetter ca 3 000 ansatte fordelt på ulike virksomhetsområder. Våre tjenester omfatter heldøgns tjenester for personer med særlige omsorgsbehov, veiledningstjenester og avlastning, brukerstyrt personlig assistanse (BPA), hjemmetjenester, vikartjenester for helsepersonell samt rusbehandling (Vangseter). Gjennom "Helsekursportalen" tilbyr vi nettbaserte helsekurs for helsepersonell. Konsernet har virksomhet i hele landet.
I Ecura jobber vi etter verdiene Endringsorientering, Omsorg (av latin Cura), Utvikling, Respekt og Ansvar. Vi skal gi omsorg med respekt og verdighet forankret i gode systemer. Derfor er vi ISO sertifisert både innen miljø, arbeidsmiljø og kvalitet. Som første helseforetak i Norge ble vi også sertifisert for ISO 27001; informasjonssikkerhet i 2020.
Vil du jobbe som personleg assistent i Ecura BPA?
Bli BPA-assistent og gjer ein forskjell!
Laster inn søknadsskjema